Frysing

Dette er ein effektiv måte å konservere på, vel å merke så lenge skinnet er i fryseri eller fryseboks.

Problemet for skinnet er tida før og etter frysinga. Dersom eit skinn blir levert oss i frosen tilstand, må me få klar beskjed om det, slik at me kan halde fram med frysing, eller ta ei kontrollert opptining og salte det etterpå. Private skinn blir "tatoverte" med eit merke hos oss. Me kan ikkje få merka eit samanfrose skinn. Difor må me tine og salte det før merking. Me ønskjer helst at skinn blir send oss i salta tilstand og ikkje frosne. Det har hendt at frosne skinn blir øydelagde under framsending, og det er både trasig og unødvendig. Frysing er mykje brukt som ei tilleggskonservering både for tørre og salta skinn.

OBS! Tørka skinn kan over tid bli angripne av både insekt, fuglar og mus. Slike angrep kan øydeleggje skinnet. Salta skinn derimot, tåler å bli lagra i fleire veker/månader utan å ta skade. Insekt, fuglar og mus angrip ikkje salta skinn. Det går likevel ei grense for kor lang tid salta skinn kan stå imot bakterieangrep. Over tid vil luftfukta og aukande temperatur få liv i bakterieverksemda i skinnet igjen, og surning vil ta til. Ikkje la eit salta skinn bli liggjande over ein ny sommar, det går normalt ikkje. Alt for mange skinn blir øydelagde av at dei ikkje blir sende til oss i tide. Send skinnet straks det er ferdig salta, så unngår du slike problem. Dessutan, jo før me får skinnet, dess tidlegare får du det igjen.

NB! Kvite sau- og geit/kjeskinn leveres bleika. Dersom dei ønskjes ubleika, må beskjed om det følgje skinnet.