Informasjon om vinter-/vårslakta sau-/lammeskinn

Skinn med ull av vinter- og vårslakta sau og fjorlam er ikkje eigna til beredning.

Det har auka betydeleg kvart år med saue- og lammeskinn. Produksjonen i førre sesong låg langt over  vår normale årskapasitet. Det ser ut til at det aukar også denne sesongen. Tidligare kom omtrent alle  saue- og lammeskinna til oss om hausten i slaktetida frå august til oktober. I dei seinare åra har det kome inn ein god del returskinn av sau og fjorlam som var slakta etter jul og framover våren. På den tida har skinn dessverre ikkje rett kvalitet. Ulla er stivare og viss det er heilårsull, er det bortkasta å berede slike skinn. Me har kassert  mange hundre slike skinn sist sesong. Mange som er bereda er også av dårleg kvalitet.

Nedanfor ser du foto av slike skinn.

Me vil be om at slakteria sine medlemskontaktar informerer produsentar om dette (og set ein stoppar for at slike skinn blir til returskinn).  Det er heller ikkje lønsamt å betale hygienetilskot og andre kostnader på ei ubrukeleg råvare.  Å salte, pakke, sende - og for oss å koste frakt, motta, vurdere, merkje og tilslutt kassere slike skinn er bortkasta arbeid og kostnad i alle ledd. Det blir også ein god del informasjonsutveksling og ekstraarbeid med å forklare at skinn er for dårlege til å berede.

Det er viktig at kvar produsent om hausten vel ut skinn av den beste avl med god ullkvalitet og kontrollerer at ikkje undergroing av ulla har starta. Dei må sjå til  at det ikkje er framandlekamar i ulla som piggtråd, ståltråd, tau, kvist, klumpar og vegetabiler. Slike ting kan føre med seg at det blir hol i skinnet.

Me må bruke kapasiteten vår på dei gode skinna som blir slakta om hausten, og ber om at returskinn av slaktet om vinteren og våren blir stoppa. Me ser fram til godt samarbeid også i framtida!

Kvit spælsau.jpg

Dette er  skinn av ein vårslakta kvit spælsau. Denne er rett nok klipt i tide. Me får dette skinnet glatt gjennom våre prosessar. Men skinnet har ei stiv grisen ull, og er normalt dårleg salgsvare. Det er negativt at skinnet er farga med merkefarge. Ca 80-90 % av denne fargen går av i vår prosess, men resten vil framleis vise tydeleg i ulla. Dessutan  blir ulla meir urein når dyr står inne om vinteren. Avføring og urin er verdas beste fargestoff, det går ikkje av og vil alltid skjemme ulla. Me får også klager på at merkefargen ikkje forsvinn, og at ulla er for stiv, men det er lite me kan gjera til og frå med det. Det beste er faktisk å ikkje bruke eit slikt skinn til beredning.

Villsau eller spælsau.jpg

Dette bildet viser skinn av ein villsau eller spælsau. Det er sikkert eit fjorlam som aldri har vore klipt. Denne ulla er 100 % umogeleg  å karde. Dersom me tek eit slikt skinn i arbeid,  og det  går gjennom skjeremaskin, vil det bli skada (hol i skinnet),  fordi ulla er samantova, hard eller har ujamn tjukkleik. Det same skjer om det er ståltråd, kvist, klumpar eller vegetabiler i ulla. Å få slike skinn mjuke utan meir hol og skadar er omtrent umogeleg. Dette skinnet er eit skrekkeksempel, men skinn med delvis samantova ull er heller ikkje å anbefale til beredningsskinn.

Samantova ull.jpg

Her er ein spælsau med heilårsull, med heilt samantova ull og med vegetabiler i ulla. Det er like uråd å berede som villsauskinnet over.

Norsk kvit sau.jpg

Her ser du skinn av  ein norsk kvit sau. Ulla er mest tova i framparten av skinnet og langs sider. All samantova ull lar seg ikkje karde. I beste fall blir dette skinnet eit skinn som hunden kan ligge på. Det blir inga salgsvare for nokon.

Konklusjon:
Skinn med ull av vinter- og vårslakta sau og fjorlam er ikkje eigna til beredning. Ulla er for stiv, sjølv om sauen er klipt i tide og ikkje har samantova ull. Er ulla ikkje klipt i tide, blir den samantova og skinnet blir fullstendig ubrukeleg til beredning.

Til beredningsskinn er å anbefale skinn av årets lam som blir slakta i tida august til ca. midten av oktober. Å nytte skinn av sau og fjorlam som er slakta i same tidsrom er også greitt dersom ulla er klipt om våren. Det er om hausten at ulla er mjuk og god.

Sjå også:
Vel ut gode returskinn av sau og lam - Nortura
Vent med returskinn - Fatland
Dette må du tenke på når du vil ha lammeskinnet i retur - Norsk Landbruk