Rådyrskinn

Beredningstida er ca. 4 veker. Ventetida er likevel 2-4 månader avhengig av kva kvantum som kjem inn. Me treng minst 80 skinn for å setje i gang. Skinna blir salta på nytt og lagra til me tek dei i arbeid.

Rådyrbukk, som er jakta i august og har sommarpels, har eit ekstra tjukt skinn i halsen. Rådyr har opplagsnæring i skinnet(huda) som dei tærer på gjennom vinteren. Difor er det vanskeleg å få halsane på augustslakta skinn gjennomsalta i tide.

Dei fleste skinna me får inn misser pelsen framme på halsen av denne grunnen. Vinterskinna har den finaste og mjukaste pelsen samt at huda er tynn slik at den blir gjennomsalta utan problem.