Storfehuder

Beredningstida er ca. 6 veker.

Tilgangen på huder til beredning er liten og difor må me vente til me har stor nok mengde før huder går i arbeid. Det er normalt 2 parti i året og ventetida kan difor variere frå 6 til 12 månader.

Rå nyslakta storfehuder varierer i tjukkelse frå ca. 2 – 6 mm, avhengig av om det er kvige, ku, okse eller mange årig okse. Denne tjukkelsen skal saltet trenge gjennom for å konservere huda. Dersom huda i tillegg har eit tjukt fettlag, vil saltet ha problem med å gå gjennom huda i tide. Resultatet kan då bli at surflekkar oppstår og pelsen dett av under oppbløyting. Er slike flekkar betydelege så er huda ueigna til beredningsskinn. I tilfelle så tek me skinnet ut og avhårar og garvar den til lær.
Kunden får varsel og kan få den tilbake som lær. Me ser at huder har meir fettlag no enn dei hadde for 10 – 20 år sidan, pga. maskinell avtrekk ved slakting.