Satsar på betre miljø

Det er nå slutt på ulldottar og slipestøv i produksjonen ved Granberg Garveri.

(Haugesunds Avis - onsdag 9. november 2016)

SLIPER: Wojciek Galek slipar reinskinn. Kvar maskin er kopla på det nye avsugsanlegget. I bakgrunnen: Johannes Vågen Grønstad.

SLIPER: Wojciek Galek slipar reinskinn. Kvar maskin er kopla på det nye avsugsanlegget. I bakgrunnen: Johannes Vågen Grønstad.

VINDAFJORD: Ulldottar, slipestøv og alle slags partiklar blir sugd inn i det nye avsugsanlegget via 15 sentrale støvsugaruttak ved ulike maskiner som gir frå seg støv, skinn eller ull. Via fire toms røyr fyk støvet ned i to såkalla syklonar (sylindrar som endar i ei stryta med svær avfallssekk i enden) og så gjennom hundre ulike filter som tar siste rest av det finaste støvet.

Erstattar 21 vifter

Norges einaste attverande garveri opna i slutten av oktober eit nytt miljøanlegg til ca. to millionar kroner. Anlegget er italiensk, men levert og montert av det lokale skjoldfirmaet Dagsland Miljø.

– Me får rein luft, betre arbeidsmiljø og me erstattar 21 vifter som har stått her og hylt med eit stillegåande, moderne anlegg, seier dagleg leiar Olav Granberg.

Og sluttproduktet, ulldottane, kan faktisk også nyttast. Ein kar i Skjold har brukt denne ulla til isolasjon i veggene på huset sitt.

Vinterstid blir den oppvarma lufta reinsa og styrt inn att i produksjonslokala.

Sommarstid blir det avkjølt luft som strøymer tilbake til romma der folk jobbar.

Slike avsugsanlegg er mykje brukt i treindustrien og gir også meir effektiv avfallshandtering på eit garveri, meiner Granberg.

Nyleg var to karar frå eit av Sveriges fire attverande garveri i Ølensvåg og såg på anlegget.

– Dei driv som oss, men berre med saueskinn. Og dei treng nytt anlegg på grunn av utfordringar med viftebråk og naboskap. Dei vil investera i eit liknande anlegg.

95 prosent av det som avsugsanlegget, som blir driven av ei nesten lydlaus vifte på 42 kWh, sug inn, endar i avfallssekkene nedst i dei to store syklonane på utsida av garveribygget. Resten, dei fem prosent minste støvpartiklane, blir fanga opp av hundre ulike filter inne i eit stort filter.

Store investeringar

Granberg Garveri har dei siste ni åra investert 30 millionar kroner i nye bygg og maskinar. Avsugsanlegget til ca. to millionar er den største «maskininvesteringa».

I 1970 hadde garveriet, som blei etablert i Ølensvåg av nyleg avdøde Karl Johan Granberg i 1962, fire tilsette. Det hadde auka til 18 i 1995.

– I dag har me folk i arbeid tilsvarande 36 årsverk. Me har hatt arbeid heile vegen og har unngått permitteringar og oppseiingar. Totalt behandlar bedrifta nå 72.000 skinn av mange slag, mest saueskinn (42.000), fortel Olav Granberg.