Arbeidsvillige ungdomsskuleelevar

Arbeidsvillige ungdomsskuleelevar er eit gode for oss. Her er 8 elevar, 5 nye og 3 som har jobba før. Dei er klare for å dele på ettermiddagsjobbing. 2 av dei møter kvar dag. Då får dei arbeidserfaring og utfører ein jobb som dei meistrar. I tillegg lærer dei korleis det er på ein arbeidsplass, samt å samarbeide om kven som skal og kan koma på jobb kvar dag. Det er lov å ha lønna lettare arbeid frå ein er 13 år. Det blir penger på bankkontoen også.