Besøk av Strandaåsen Villsaulag

Sist veke hadde me hyggeleg besøk frå Sokndal i Sør Rogaland. Det var medlemmer av Strandaåsen Villsaulag, som hadde tatt turen. Dei fekk omvising i bedrifta og såg kva som gjekk føre seg i produksjonen denne dagen, samt besøk i fabrikkutsalget. Det var ei svært interessert forsamling å vise rundt. Dei viste også stor interesse for vårt bedriftsmuseum. Me takkar for besøket.