Sjølvplukk av gratis ull

I 2016 fekk me nytt avsugsanlegg. Nå går alt av ull frå kardemaskiner og slipestøv frå andre maskiner direkte til ein komprimator. Dette blir etterpå levert til forbrenning.

Nytt i tida er at me får spørsmål om gratis ull (iblanda slipestøv) til brukj i åker og bed. Me kan opne komprimatoren om nokon vil ta ut ull til dette bruk. Det blir sjølvplukk og gratis om me slepp å rydde opp etterpå.

Avtal i tilfelle henting på tlf. 52765000 eller mail post@granberggarveri.no.