Skuleeksempel på integrering

Når Fahran og Imran frå Afganistan kom til Ølen var dei ikkje seine med å skaffe seg arbeid i tillegg til skulegang. Dei ønsket å få seg jobb og spurte kjentfolk i bygda om å presentere seg for aktuelle arbeidsgivarar. Me fekk spørsmål og bad dei stikke innom. Dei var interesserte og brukbart norsktalande. Det resulterte i sommarjobb i 2017. Sidan har dei jobba i haust-, jul- , påske- og andre feriar. Nå har dei begge jobba heile 2021.

Resultatet av dette er at me har hatt gleda av å ha 2 flinke gutar i staben i fleire sesongar. Dei har ikkje fått pengar av samfunnet, men tent sine eigne pengar, betalt skatt, kjøpt bil samt lagt seg opp eigenkapital til hus. Dette er eit skule-eksempel på integrering i samfunnet. Lykke til vidare med skulegang i Stavanger til hausten og velkommen tilbake når det passar.
Her blir nå 2 ledige jobbar for nye interesserte!