Om Granberg Garveri Informasjon i desse «koronatider»:Frå september/oktober 2020 har me tilnærma normal drift og produksjon, som før mars 2020. Alle permitterte er tilbake i jobb. Innlevering av skinn, varemottak, produksjon og utsending av skinn går omtrent som før. Fabrikkutsalget er også ope med normale opningstider. Granberg Garveri AS vart etablert i 1951 og var då eit av dei minste garveria i landet. I dag med ein årsproduksjon på over 80.000 skinn, meir enn 40.000 registrerte kundar og 43 årsverk, er Granberg Garveri AS blitt Norges største på beredning og salg av saue- og reinsdyrskinn. I tillegg har me produksjon og lager av det meste innan dekorasjonsskinn, nappaskinn samt vegetabilskgarva skinn og lær.Granberg Garveri vart i 2017 tildelt næringsprisen av Vindafjord kommune. Produktliste (totaloversikt)