Storfehuder

Så var det dags å sende ut returhuder av storfe. Hud frå storfe med sommar- eller haustpels har rette pelslengde og er mest reine i fargar pga. at dei går ute. Dyr som står lenge inne er mindre eigna, pga. dei blir mindre reine bak og det fargar pelsen brun. Dessutan kan dei bli utsette for lusangrep i pelsen og røytinga byrjar. Å klippe pelsen for etterpå å sende til beredning er ikkje lurt.

Partiet som blei bereda nå var av nokså god kvalitet med omsyn til pels og fargar. Nokre blei tatt ut av produksjon pga. surflekker, men dei blei etterpå avhåra og garva til lær. Produsenten som får prakteksemplaret på fotoet har valgt den rette huda som sitt returskinn.