Normann Bjørgen (1942-2022)

Normann begynte i garveriet i 1967. Garveriet var då på Innbjoa og frå 1971 i Ølensvåg. Normann gjekk gradene frå dei enklaste oppgåver i eit garveri til praktisk talt å meistre alle oppgåver i prosessen med skinn. I byggeperioden med nytt garveribygg i 1970/71 var det drift på begge plasser og Normann styrte våtprosessane åleine  på Innbjoa til anlegget i Ølensvåg var heilt  klart med vatn og maskiner.

Normann var tru i tenesta og møtte alltid på jobb. Han avbraut også ferien sin om det var noko ekstra som måtte gjennomførast. Han var ein mann av få ord, men kunne sei i frå når det var nødvendig. Han var sterk som ein bjørn i sine velmaktsdagar og fekk alt arbeid kjapt unna. Han hadde i ca. 24 år ansvar for ein avdeling i garveriet. Av alle tilsette er det han som har rekorden i samanhengde teneste med over 43 år.

I 2007 var han tilsett i 40 år og fekk Norges Vels medalje for lang og tru teneste. Det sette han stor pris på. At vår bedrift er det einaste garveri att med produksjon i landet kan me også takka våre tilsette for og særleg Normann, pga. lang og tru innsats. Han var i jobb til over pensjonsalder. Men før han slutta, overraska alle tilsette han med eit besøk i tunet hans i Vikebygd. Me hadde med mat, kaker og kaffi samt gåver. Det sette han pris på.

Etter at han formelt var slutta, var han av og til innom og tok mindre oppdrag i garveriet. Me prøve å få kontakt med han i god tid før hans 80 års dag for å invitere til julemiddag saman med andre tilsette. Me fekk ikkje kontakt fordi han var sjuk og låg på sjukehus og døyde dessverre  få dagar før sin 80 årsdag.

Me vil alltid hugse Normann som ein flink, tru og flittig mann som me har mykje å takke for. Me lyser fred over hans gode minne.