Ambjørg Granberg (f. Hovdegard) 1922-2009

I dag 1. juli 2022 er det 100 år sidan Ambjørg Granberg blei født.

 
Hennar foreldre var Ola Hovdegard (1882-1971) og Guri Hovdegard (f. Torkelsgard) (1889-1974). Ambjørg gjekk bort i 2009, nær 87 år gammel. Ho vaks opp i bygda Vats i Ål i Hallingdal. Då ho var 17 år gjekk ho på Danvik kr. Ungdomsskule i Drammen. Seinare var ho i arbeid og under utdanning i Oslo. Ho hadde huspostar og var syerske, men under krigen var ho heime i Vats ei tid og hjalp foreldra på garden. Etterpå var ho tilbake i Oslo, kor ho mellom anna gjekk på Indremisjonens bibelskole i Staffelsgate.
Ambjørg hadde sykkel og sykla mykje rundt i landet, mellom anna til Trondheim og til Ølensvåg. Der besøkte ho si tante Sissel, som var på nabogarden til Karl Johan Granberg. Karl Johan likte Ambjørg og fekk ho til å komme å hjelpe til med garveridrifta som blei starta i 1951. Dei gifta seg i 1953. Garving av skinn til skinnjakker var ein del av drifta den første tida. Ambjørg designa skinnjakkar, laga mønster og sydde jakker. Dei fekk etterkvart 5 barn i tida 1954-1962. Karl Oskar, Olav, Anne Martha, Guri og Hermann. Hermann døde av sjukdom berre 12 år gammal og det var eit hardt slag for familien.
Ambjørg var med i garveridrifta heile tida, men mest før ungane kom til og etter dei blei litt større. Me budde like ved garveriet som var på Innbjoa fram til 1971. Det var derfor kort veg for henne til å pakke skinn, føre rekneskap, ta telefonen osv i bedrifta. I 1969 flytta familien til nytt bustadhus i Ølensvåg. Garveriet flytta etter, og 1. byggetrinn var i full drift i 1971. Ambjørg fann seg godt til rette i Ølensvåg og var mykje med i lag og foreiningar. Ho var mellom anna formann i ei misjonsforeining i 28 år. Familien var viktig for henne. Ho var limet som haldt familien samla. Det blei 12 barnebarn etterkvart. Ambjørg tok bilsertifikat i vaksen alder (50 år) og brukte bilen fllittig. Ho reiste til og med åleine med dei yngste barna til Hallingdal med bil. Ho var ein flittig brevskrivar og hadde god kontakt med slekt og venner heile tida. Ho var på Garveriet til ho var over 70 år og utan henne hadde ikkje Karl Johan makta oppgåva med å få til garveridrifta og halda hjula i gang.
I dag 100 år etter hennar fødsel minnes me henne som den gode omsorgsfulle mor, med den gode maten, ho som tok vare på slekt og venner, ho som hadde orden i papirene og var den milde stemma i telefonen på garveriet. Me minnes henne i takksemd med ein familietur til heimtraktene hennar i Hallingdal.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer