Reinsdyrskinn frå private kundar til leigebereding

Mange lurer på kor lang tid dei ulike skinnslaga tar for å bli ferdige. Reinskinna som var innregistrert frå august til og med 26/10 i år (parti 827), gjekk i arbeid den 26. oktober. Våtprosessen tok ca. 1-2 veker, etterpå tørking i 2 dagar. Deretter stod dei på lager til me hadde tid til å gjera dei ferdige (fukting, strekking, sliping mv).
Ein del skinn skulle imperegnerast til slutt (det er gjort på dagen med ei tørkenatt etterpå).

På bildet vises eit nr på skinnet. Alle private skinn blir merka med individuelle nr, slik at me skal finne rett skinn til rett kunde før utsending. Nå er alle reinsdyrskinn i dette partiet utsendt. Tida det tok  var altså frå 26. oktober til 8. desember.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer