Skinnfellsøm

Skinnfellsøm og søm av andre skinnprodukt blir eit meir og meir populært handverk. Me leverer mykje saueskinn til fellar og sying. Norske saueskinn i rasar som spæl, pels, bles, villsau, norsk kvit mm. i full ullengde eller nedklippa til ønska kortare lengde er normalt på lager hos oss til einkvar tid. Geit- og kjeskinn er også skinn til søm. Nappa/moccaskinn samt vegetabilsk- og kvitgarva skinn har me også godt utvalg i.

Kanskje ikkje alle veit at me også har tilbehør til dette arbeidet. Me har tatt med eit utvalg på bildet:
Boka til Beate Solvik: Vakre plagg av saueskinn, som gir god informasjon og inneheld også mønster. Tekstilfargar, tekstilpenn, fettpenn, nåler, tråd, syclips, bivoks, skumplast rull, rullekniv, saks, dobbelsidig tape mm.

Ta kontakt om me skal hjelpe til med skinn eller tilbehør.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer