Kjøp av skinn

Me kjøper normalt skinn av sau, lam, geit, kje, rein, storfe og kalveskinn frå slakteri. Då får me skinn av god kvalitet, både med omsyn til slakting, snitt og konservering (salting).

Me kjøper også skinn frå viltslakteri (elg, hjort) og private jegrar (elg, hjort, rådyr, bever, grevling, mår, raudrev).

Heimeslakt av storfe, sau, lam, geit og kje er det nærmast slutt på. Ver merksam på at skinn av nødslakt, også er ein ressurs som me kan gjere oss nytte av.

Ta kontakt om du har skinn til overs!
Snauklipte lammeskinn kjøper me ikkje. Me kan berre bruka skinn med ull.