I tillegg auka mengda med geit- og kjeskinn også. Me har difor hatt full produksjon alle veker gjennom heile året, også heile sommaren. Alle geit- og kjeskinn som er registrete pr 08.08.2019 er ferdig utsendt pr. 15.10.2019. Status for sau- og lammeskinn registrert inn etter 1. august 2019 er: Beredning av haustens skinn startar veke 44. Mottekne skinn i august/starten av september blir ferdig før jul.
Det er viktig å velje ut skinn med den beste ulla som returskinn. Velg bort skinn med ull, som er møkkete, tova, har for mykje vegetabiler eller er ujamn/slitt. Me har siste sesong, før me tar i arbeid, kassert mange hundre skinn som er ueigna for beredning. Det er bortkasta å ta av slike skinn – koste hygienetrekk, salting, pakking og frakt på for dårleg råvare. Skal skinna bli bra og egna for sal, for dei som gjer det, må råvaren vera i orden.
Sjå elles våre kvalitetskriterier for saue og lammeskinn.