Fabrikkutsalg

Fabrikkutsalget opna 21. mars 2013 og dette var ein merkedag for familiebedrifta i Ølensvåg. Her kan me invitere til hyggeleg handel i moderne butikklokale.

Fabrikkutsalget er blitt garveriet sin fasade utad, og ligg godt synleg rett ved vegen. Salg til besøkande privatkundar har me hatt i mange år, og her har me eit oversiktleg utval produkt samla i eitt og same lokale. I tillegg får du kyndig veiledning og hjelp. Her kan du også hente skinn som har vore til leigeberedning hos oss, dersom det er gjort avtale om det.

God parkeringsplass finst rett ved inngangsdøra.

Me tek også imot grupper for omvising og handel i fabrikkutsalget. Kontakt oss.
Du kan også henvende deg her dersom du vil innom vårt bedriftsmuesum.

Fabrikkutsalget sine ordinære opningstider

Måndag - torsdag: 10 - 16
Fredag: 10 - 17
Laurdag: 11 - 14
Søndag: Stengt


Vareprøvar

Me sender vareprøvar av ler og nappaskinn dersom du vil vurdere type og farge før du bestiller. Ta kontakt så sender me:

  • Prøvekatalog nappaskinn lam
  • Prøvekatalog pelsmocca lam og napalan
  • Prøvekatalog nappaskinn geit, hjort og elg
  • Prøvekatalog nappaskinn rein og reinbocca

Lær-Nappaskinn_1.jpg


Skjering av reimar

Her kan me skjere reimar i den breidda du ønskjer.

Reimemaskin-1.jpg

 

Henting av skinn

Dersom du har hatt skinn til leigeberedning hos oss og bur i nærleiken, då kan du hente skinna i fabrikkutsalget, dersom det er gjort avtale om det. Me sender SMS melding når skinna er klare.

Hentepakkar.jpg

 

Salg av is om sommaren

Salg av is_2.jpg