Historie

Granberg Garveri vart etablert  i 1951 av Karl Johan Granberg (1920-2016). Dei første 20 åra  heldt bedrifta til på Innbjoa (gamle Ølen kommune) i leigde lokale. Produksjonen var allsidig med både garving og konfeksjon.

Utover i 60 åra vart pelsberedning hovedproduksjon og det vart behov for å utvida lokala. Første byggetrinn kom opp i 1970 / 71 (800 m2) på Bergsneset i Ølensvåg. Seinare fylgde fleire byggetrinn i 1974, 1977, 1992, 1997, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012, 2016 og 2017.

Sidan 1995 har sonen Olav Granberg leia bedrifta som i dag er ei moderne og solid familiebedrift. Den er i dag størst i landet på beredning av sau- og reinsdyrskinn og er den einaste  som har driftskonsesjon i Norge.

Det er no sett i gang arbeid med å gi ut garveriet si historie i bokform.
Du kan også besøke vårt bedriftsmuseum. Der kan du følgje utviklinga i garveriet i tidsbolkar, frå oppstarten på Innbjoa til aktiviteten i Ølensvåg dei første tiåra.

Me er stadig i utvikling!

Sjå også