Om oss

Familiebedrift

Garveriet vart etablert i 1951 av gründeren Karl Johan Granberg. I 1995 overtok sonen Olav Granberg som dagleg leiar og han har seinare utvikla verksemda til å bli ei moderne og solid familiebedrift. Omsetninga i 2016 var på over 31,5 mill og den har vore aukande for kvart år.

Lokalisering

Granberg Garveri ligg på Bergsneset i Ølensvåg, Vindafjord kommune. Kjem du langs E134, tek du av i krysset ved Circle K i Ølensvåg og følgjer riksveg 543 mot Utbjoa. Etter 2 km ser du garveriet godt synleg på høgre sida av Bjoavegen. Når du har passert garveriet, kjem du til nabobedriftene Ølen Betong, Westcon og Lundeneset vidaregåande skule.

Lokaler

Garveriet har vore i stadig utvikling og har i dag ein bygningsmasse på over 4000 m². Det er kontinuerleg fokus på modernisering. I 2013 kunne ein opne  nytt fabrikkutsalg i tillegg til moderne kantine, møterom og garderobeanlegg. I 2016 vart nytt avsuganlegg sett i drift, og dette har gitt eit betre arbeidsmiljø for tilsette i produksjonen. I 2017 vart nytt pakkehus sluttført, og det er vidare planar om nytt lagerbygg og utviding av produksjonslokala. Det er dei siste 10 åra investert og modernisert for over 30 mill. i bygg, anlegg, maskinar og utstyr.

Produksjon

Granberg Garveri har ein årsproduksjon på over 75.000 skinn. Det vert bereda alle typar skinn av sau, geit, kidd, storfe, kalv,  rein, elg, hjort, rådyr, dådyr, sel samt småvilt som rev, bever, grevling og mår. I tillegg vert det garva ca. 5000 skinn av ulike slag, for det meste vegetabilsk garving. Maskinparken tel nær 100 ulike maskinar som vert stadig forbetra og fornya.

Miljø

Granberg Garveri fekk sin første konsesjon av Statens Forurensingstilsyn i 1977. I dag sorterer denne konsesjonen under Miljødirektoratet der ein er underlagt strenge utsleppsbegrensingar, energibruk og kontroll. I 1977 var det ca. 20 garveribedrifter i landet. I dag er Granberg Garveri den einaste attverande i Norge med driftskonsesjon.

Kundar

Som Norges største garveri innan beredning av sau- og reinsdyrskinn har me kundar over heile landet, også i utlandet. Det er i dag registrert over 37.000 kundar, både privatpersonar, jegerar, gardsbedrifter, handverksbedrifter, forhandlarar og andre.

Forhandlarar

Garveriet har gode forhandlarar over heile landet. Hjå dei kan du sjå og kjøpe produkta våre.

Leverandørar (slakteri)

Granberg Garveri har eit nært forhold til dei fleste slakteri i landet. Frå desse kjem det gode råvarer som me kjøper eller returskinn til leigeberedning for produsentar.

Tilsette

Bedrifta har på årsbasis 37 årsverk. Dei fleste er fast tilsette, men bedrifta har også ein del deltidsarbeidarar og ferievikarar. Dei tilsette er i hovudsak norske, men ein del kjem også frå land som Polen, Tyskland, Romania og Litauen.

HMS

Granberg Garveri har stort fokus på helse, miljø og sikkerhet. Dette er viktig både for dei tilsette og bedrifta. For å fremja god helse har me helsekontroll frå ein ekstern samarbeidspartnar, fri tilgang til bassenget i VIndafjordhallen to gonger i veka, frukt i lunsjen og heile bedrifta er røykfri. Det er også tilgang til hjartestartar her. Arbeidsmiljøet er godt og sjukefråværet i 2016 var på 1,9%.

Det er også etablert gode returordningar for gjenvinning av papir, plast, metall, flytande og andre faste stoff. Det er utført støymålingar både inne og ute der alle målingar ligg godt under pålagde krav. Det vart i 2016 installert eit heilt moderne avsuganlegg som har gitt god effekt på innemiljø. Garveriet har godkjende reinsesystem der utslepp til sjø og luft vert jamleg rapportert til ansvarlege styresmakter.

Det er viktig at alle arbeidsprosessar og funksjonar vert utført på ein trygg og god måte. Det er difor utarbeidd prosedyrar og rutinar som er sentrale i alt arbeid. Bedrifta har eit avansert brannvarslings-/brannsløkkingssystem (inergen) for å verne både tilsette, bygningar, maskinar og utstyr dersom ein brann skulle oppstå.