Haust/Vinterarbeid

Nå byrjar tida for litt meir innearbeid for den kreative. Det meste av ull frå maskinar går ut i ein contaner, men me samlar også litt opp frå manuelt arbeid. Denne ulla (i plastsekken på fotoet) er vaska, rein og fin til å stappe i puter eller anna. Me har ein god del sekker (a ca. 4-5 kg) på lager. Pris kr 20,-/kg.

Me har også alltid nappaskinn, vegetabilsk garva skinn (altså glattskinn) i tillegg til skinn med pels av kanin, kje, sel, lam som er eigna til å sy noko av,  for eksempel puter av ulike typar,  kosedyr mm.

Kom innom fabrikkutsalget så finn me fram ull (til stapping/fyll), skinn til bakside og framside på puter og skinn til kosedyr. Du kan også ta kontakt på tlf. 52765009 eller post@granberggarveri.no om me skal sende noko av dette.

Arkiv

Hjartestartar
Hjartestartar Les mer
Nytt pakkehus
Nytt pakkehus Les mer
Nye nettsider
Nye nettsider Les mer
Pelsmocca i fabrikkutsalget
Pelsmocca i fabrikkutsalget Les mer