Velkommen til Granberg Garveri Granberg Garveri vart etablert i 1951 og var den gongen blant dei minste garveria i landet. I dag er me det einaste industrigarveriet i Noreg med godkjend driftskonsesjon. Med ein årleg produksjon på over 80 000 skinn, meir enn 48 000 registrerte kundar og om lag 40 årsverk, er Granberg Garveri blitt landets største innan beredning og sal av saue- og reinsdyrskinn. I tillegg produserer og lagerfører me eit breitt utval dekorasjonsskinn, nappaskinn og vegetabilsk garva skinn og lær. Produktliste (totaloversikt) Fabrikkutsal i Ølensvåg Sjå eitt breitt utval av skinn og pelsprodukt direkte frå garveriet. Ofte gode tilbod, –og hjelp når du ønskjer det.👉 Les meir om fabrikkutsalget