Leigeberedning

Me tek mot skinn til leigeberedning. Størstedelen kjem frå produsentar som leverer dyr til slakteriet og ønskjer at ein del av skinna skal beredast. Slakteriet sender desse (returskinna) til oss, og etter ein omfattande prosess returnerer Posten/Bring dei ferdiggarva skinna i postpakkar til produsenten. Ein god del skinn kjem også til leigeberedning frå jegrar, fangstmenn og andre privatpersonar.

Aktuell informasjon om leigeberedningskinn i arbeid: 

Status saueskinn: 
Det kom inn 113 parti med private saueskinn i sesongen 2018/2019. Det er 8 parti, eller 3000 skinn meir enn året før.
Pr. 7.11.2019 er alle skinn frå sist sesong (t.o.m. parti 113) + 5 parti av haustens skinn teke i arbeid. Samtidig blir parti 95 sendt ut. Me reknar med at alle saueskinn innregistrert f.o.m. 2. oktober blir sendt ut før jul.
Produksjonen av saueskinn går for fullt heile tida med enten 1060 eller 1325 skinn i arbeid kvar veke. Prosessen tek 4-5 veker.

For eksempel er følgjande skinnslag tatt i arbeid på desse datoar:

Parti nr. - Type skinn I arbeid Utsendt
112 - Geit- , kje-, kidd-  og kaninskinn

31.7. og 8.8.2019

Oktober 2019
014 - Geit-, kje-, kidd- og kaninskinn 12.11. og 19.11.2019 Januar 2020
409 - Selskinn 07.08.2019
21.08.2019
02.10.2019
16.10.2019
Oktober 2019
Oktober 2019
November 2019
Desember 2019
815 - Reinskinn 20.05.2019 Juni 2019
817 - Reinskinn 02.07.2019 Juli 2019
818 - Reinskinn 30.10.2019 Desember 2019
716 - Elg-, hjort-, rådyr- og moskusskinn

09.07.2019
06.08.2019
07.11.2019

August 2019
Oktober 2019
Desember 2019
203 - Storfehuder 14.11.2018
10.09.2019
07.06.2019
November 2019
204 - Storfehuder

15.07.2019

Desember 2019
205 - Storfehuder

02.12.2019

Ca. april 2020
308 - Bever-, grevlingskinn m.v.

30.09.2019
07.10.2019
14.10.2019
22.10.2019
04.11.2019
02.12.2019

Oktober 2019
Oktober 2019
November 2019
November 2019
November 2019
Januar 2020
Vegetabilsk garving av diverse skinn til lær 05.11.2018 18.12.2018
Våtberedning + bever 12.11.2018 19.12.2018


Normalt tek me i arbeid leigeberedningsskinn så snart eit parti er fulltaleg og rett valkefat er ledig.
Me vil prøve å halde denne informasjonen ajour framover.  

 

Frakt og adm. kostnader:

Beredningsprisar går fram av sist oppdaterte prislister.

Utlagt frakt ved mottak av skinn til leigeberedning (returskinn) frå slakteria er i alle år blitt betalt av oss, utan at me har belasta produsenten. Landet vårt er langstrakt og me får skinn frå dei fleste slakteri i alle landsdelar. Sjølv med konkurransedyktige fraktavtalar er det betydelege kostnader for oss. Me ser difor, at me må fordele litt av dette på kvart skinn som kjem inn. Me prøver med kr 5,- (+ mva) pr. saueskinn denne sesongen. Det dekker omtrent halve kostnaden. Alle som sender inn skinn sjølv og betaler frakta veit at kostnaden er mykje høgare.

Me har heller ikkje belasta kundar med faktura- eller  administrasjonsgebyr tidlegare, men ser at det er betydeleg administrasjon som går med å merke skinn, svare på alle spørsmål, sende ut informasjon og fakturere alle skinn. Eit lite administrasjonsgebyr (kr 20 + mva) på kvar faktura vil difor bli innført frå 2020.

Utgåande porto for postpakkar eller utgåande frakt for større sendingar blir fakturert etter gjeldande porto- eller frakttakstar. Mindre sendingar som postpakkar blir normalt sendt i postoppkrav. Oppkravsgebyret er kr 57,- + mva. Større sendingar blir sendt med Bring Cargo. Porto/returporto blir belasta på nytt om pakkar ikkje blir henta og kjem i retur.

Artiklar

Sesongen 2019/2020
Sesongen 2019/2020 Les meir
Ofte stilte spørsmål
Ofte stilte spørsmål Les meir
Praktisk informasjon om behandling og innsending av skinn
Praktisk informasjon om behandling og innsending av skinn Les meir
Salting
Salting Les meir
Tørking
Tørking Les meir
Frysing
Frysing Les meir
Avhåring
Avhåring Les meir
Pakking og sending
Pakking og sending Les meir
Innlevering av skinn til beredning
Innlevering av skinn til beredning Les meir
Informasjon om vinter-/vårslakta sau-/lammeskinn
Informasjon om vinter-/vårslakta sau-/lammeskinn Les meir
Saue og lammeskinn
Saue og lammeskinn Les meir
Lama
Lama Les meir
Slakteri
Slakteri Les meir
Spesielle ønske
Spesielle ønske Les meir
Kidd-, kje- og geiteskinn
Kidd-, kje- og geiteskinn Les meir
Reinskinn
Reinskinn Les meir
Hjorte- og kukalvskinn
Hjorte- og kukalvskinn Les meir
Rådyrskinn
Rådyrskinn Les meir
Elgskinn
Elgskinn Les meir
Storfehuder
Storfehuder Les meir
Sel- kobbe- og havertskinn
Sel- kobbe- og havertskinn Les meir
Småvilt
Småvilt Les meir
Skinn frå utland
Skinn frå utland Les meir