Garverigründer Karl Johan Granberg

I dag 24-11-2020 er det 100 år sidan Karl Johan Granberg, garveriets gründer vart født.

Han vaks opp i Haugesund saman med  foreldre (mor Anne Marta, (1882-1961) f. Viland frå Ølensvåg og far frå Søderhamn, Sverige) og ein yngre bror (Paul). I 1927 flytta familien til Ølensvåg, kor dei etterkvart kjøpte eit småbruk. Far (Karl Oscar Granberg, 1883-1966) var handverkar (malar) og arbeide i USA mellom anna på slutten av 1920 talet. At han sendte heim skinn- og lærvarer til familien påverka nok den unge Karl Johan til å fatte interesse for garving. Han bestemte seg 12 år gamal (1932) for å bli garvar. Læretida var under krigen, etterpå gjekk han vidare på skular og jobba i fleire garveri i inn- og utland, før han starta eige garveri i 1951. Dette garveriet (Granberg Garveri & Skinnkonfeksjon) dreiv han  saman med sin bror Paul (1922-1995) til ca. 1961. Frå 1962 dreiv han vidare Granberg Garveri. Kona Ambjørg f. Hovdegard frå Ål (1922-2009) var ved hans side. I 1951 var det ca. 60 garveri i Norge, i 1974 var ca. 20 garveri att.

I dag er Granberg Garveri det einaste attverande garveri med drift i Norge. Våre 40 arbeidsplassar hadde ikkje eksistert utan Karl Johan. Våre kundar hadde i dag ikkje fått norske skinn eller fått behandla sine skinn utan Karl Johans ide i 1932. I dag 100 år etter hans fødselsdag heidrar me hans minne i takksemd.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer