Museum med skinnhuer, auksjon med motorar

Nå skal alt "overskotsmateriell" på Granberg Garveri ut på aukajon.

Sigmund Hansen, puls@h-avis.no

«OLUF-LUE»: Olav Granberg viser skinnlue og passform som faren tredde våte saueskinn over for å variera storleik og passform på ein tidleg salssuksess for garveriet. Nå kjem lua på museum i Ølensvåg. Foto: Sigmund Hansen

«OLUF-LUE»: Olav Granberg viser skinnlue og passform som faren tredde våte saueskinn over for å variera storleik og passform på ein tidleg salssuksess for garveriet. Nå kjem lua på museum i Ølensvåg. Foto: Sigmund Hansen

Nå skal alt «overskotsmateriell» på Granbergs Garveri ut på auksjon.

 

VINDAFJORD: Det kan aldri bli som ein vanleg «open dag» når Norges einaste garveri og Olav «Kjekt å ha» Granberg ber inn til opning av bedriftsmuseum med skinnhuer, pusseskinn, helsesokkar frå 1960-talet, bokføringsmaskiner med magnetkort og auksjon av inntil 30 virkande motorar til inntekt for Ølen idrettslag og Kyrkjetunet.

Pluss rikeleg med bildelar som passar til Opel Kadett C (som blei produsert mellom 1973 og 1979).

Sjølv kallar Olav Granberg den nye museumsavdelinga på bedrifta i Ølensvåg for «bedriftsintern».

Den blir neppe nokon gong medlem av Haugalandsmuseene. Men er likevel ei forteljing om to brør, Karl Johan (Olavs far) og Paul Granberg, som i 1951 imot mange odds skapte, først ei, og så kvar si bedrift innanfor skinn og skinnforedling. (Paul med Granberg A/S på Bjoa, Karl Johan med Granbergs Garveri, først på Bjoa og så, frå 1971, i Ølensvåg).

Museet

– Me gjer ei tidsreise i kvart rom. Her er 1950-tals rommet, med telefonapparatet, tlf.nr. 20 til Granbergs Garveri og Skinnfabrikk på Innbjoa. Dei laga loshuer i lammeskinn (Oluf-huer) med skinnklaffar til øyrene. Pappa utvikla ein eigen metode med runde hovudkuler i støyp. Så vætte han skinna og pressa dei ned på kulene som var av ulik storleik. Dermed laga han praktiske «Olufhuer» for alle slags hovud, forklarer Olav Granberg.

Skinnjakker slutta dei raskt med. Det blei for mykje «mask» med retur av jakker som ikkje heilt passa. Helsesokkar, derimot, og skinnhanskar og tøflar som halvfabrikata – skinn med reinsdyrshår som såle og garva skinn rundt, der mottakaren sjølv strikka overdelen, blei ein suksess.

Bygt ut 17 gonger

Etter at garveriet flytta til Ølensvåg i 1971, har anlegget blitt bygt ut 17 gonger. Så har det samla seg opp mykje av det Olav kallar «overskotsmateriell».

Nå skal det vekk – på auksjon til inntekt for gode føremål i bygda. Her byr dei fram 30 fungerande motorar og 15 ditto vifter.

– Alle er testa, alle virkar, slår Olav fast medan han dreg oss med inn i ein lukka container.

Utanfor ligg H-bjelkar som held oppe tak, teglstein, U-blokker og takplater. Alt skal auksjonerast bort lørdag. Og inne i containeren ligg fire kubbikk bildelar til Opel Kadett C, sedan og caravan – panser, dører, baklys, speedometer og hjul.

– Eg har varsla Opelregisteret – veteranbilforeininga for Oplar – vonar dei kjem, for her er mange nyttige ting til Opel Kadett C, seier Olav.