Råd

Oppskrift på vasking og reinsing av saueskinn som er levert av Granberg Garveri.

Vaskemaskin-2.jpg
Etter ein del bruk kan det bli nødvendig å vaska eller reinsa skinnet. Vask skinnet på same måten som ullplagg. Skinn med ull mindre enn 10 cm kan vaskast i maskin. Skinn med lengre ull må hand-vaskast. Etter at skinnet er avrent, skal det gniast godt inn på kjøttsida med flytande handsåpe (t.d. Lano), og hengjast til tørk.
 
Etter tørking vil skinnet krype og stivne noko. For å få skinnet mjukt att skal det strekkjast i alle retningar før det er heilt tørt. Bruk alle krefter. Ulla bør kardast eller børstast når skinnet er heilt tørt. Reinsing kan utførast på eit reinseri.
 
Me tek også mot skinn for vasking, reinsing og karding. Det er då viktig at pakken er tydeleg merka med at skinna skal til reins eller vask. Me gjer merksam på at ikkje alle skinn kan vaskast. Er skinnet gamalt (over 20 - 30 år) kan det vera for svakt i læret til å tåle vask eller reinsing.

Behandling av skinn før dei blir sende til oss.

Villsauskinn 2 art. nr. 2001129.jpg

Avkjøling og konservering må skje same dagen som dyret blir slakta.

Måtar å konservere på er:

Skal eit skinn bli eit godt pelsbereda eller garva produkt, er vilkåret at konserveringa vert rett utført frå byrjinga av.

 

Ord og utrykk

 Spørsmål_2.JPG

Beredning
Pelsgarving av skinn.

kvf
Kvadratfot (30,5 x 30,5cm).

Leigeberedning
Skinn som kunden sender oss for beredning.

Moccaskinn
Bekledningsskinn (semske), baksida (kjøttsida) er behandla for å bli plaggets framside.

Nappaskinn
Bekledningsskinn (glatte), framsida (narvsida) er behandla for å bli plaggets framside

Returskinn
Når f.eks. ein leverandør leverer dyr til slakteri og ber om at nokre skal sendast til beredning, då vert dei sendt oss som returskinn.

Stolling
Strekking av skinn.