Salting

I dag er det mest praktisk å salte skinn. Dessutan blir eit salta skinn etter pelsberedning / garving mjukare enn frosne eller tørka skinn. Salting må skje innandørs eller i det minste under tak eller under presenningsdekke.

Salting bør skje straks etter avkjøling. Legg skinna flatt på eit golv eller på eit underlag av f.eks. pallar. La huda (kjøttsida) liggje opp og hårsida ned.  Dekk kjøtsida med eit lag av salt. Bruk ei saltmengd tilsvarande 7% av kjøtvekta.
Dvs.:

Kje     1,5 kg
Geit/lam/sau     2-4  "
Rein     3-5  "
Hjort   5-10  "
Elgkalv/elg   7-20  "
Storfe 15-20  "


Bruk godt med salt!

På jakt i fjellet må ein gjerne improvisere. Avkjøl skinnet godt, salt det lett til du kjem heim og kan salte det skikkeleg. Steinsalt er å anbefale til salting av skinn, men ikkje la mangel på steinsalt stoppe arbeidet! Bruk det saltet du har tilgjengeleg (f.eks. sjøsalt, koksalt ).

Fleire skinn kan liggje oppå kvarandre i stabel, men alltid med salt oppå kvart skinn. Skinn av f.eks. sau, rein og geit må liggje nedsalta slik i minst ei veke.

Tjukkare skinn av t.d. elg og storfe må liggje to veker. Grunnen til dette er at saltet skal få tid til å gå heilt inn i skinnet, og slik at vatnet (fukta) i det skal kunna bli pressa ut. Framleis er det nokre som saltar og rullar skinnet saman med ein gong. Då får ikkje saltet god nok kontakt med skinnet overalt, og laken vaskar saltet bort. Dersom skinnet i tillegg blir sendt oss slik straks etterpå, vil laken renne ut under framsendinga. Det likar ikkje transportøren. Skinn må liggje med salt minimum den anbefalte tida før dei blir gjort klare for sending.

Du må vera merksam på at der du saltar, vil det bli ein god del avrenning av lake. Før skinna blir pakka og sende til oss, skal overflødig salt og lake ristast av. Det er unødvendig og uøkonomisk å sende oss kilovis med salt saman med skinnet, men litt salt må det vera på skinnet. Ved i tillegg å hengje skinnet til tørk ein dag eller to blir det lettare i vekt og ein unngår avrenning under framsendinga. Eit skinn som er salta, tek ingen skade av å bli tørka etterpå, tvert imot. Det er veldig viktig med tanke på framsending pr. post at skinna er mest mogleg tørre.