Me har nyleg sendt ut eit nytt parti med private skinn. Denne gong var det skinn av elg, hjort, rådyr, villsvin, muflon, bjørn og moskus. Dette var skinn i parti nr 705 som vart registrert inn hos oss frå 10.11.20 til 08.12.20 og blei tatt i arbeid den 28. desember 2020. Nå er dei truleg framkomne til sine respektive eigarar. Neste parti nr 706 med omtrent same type skinn er under arbeid og blir ferdig før påske.