Ingen feriestans her Her er ingen feriestans. Det er full produksjon i heile sommar. Faste tilsette har sjølvsagt sin velfortente ferie, men ikkje alle på ein gong. I dag er 39 personar på jobb, 10 personar har ferie, men 14 ferievikarar er på plass. Etter opplæring gjer dei ein fullgod jobb, mange av ferievikarane har også erfaring frå tidligare år med sommarjobbing. Auka kapasitet på beredning av saueskinn gjer at 2 maskiner må i bruk for å få gjennom dagens skinn. Stefan og Kamil opererer dagens skjæremaskiner.