Vilkår for kjøp

Privatkundar:

Bestilling/kjøp

Som privatkunde kan du bestille/kjøpe varer frå ein av våre forhandlarar, i vårt fabrikkutsalg eller ta kontakt med oss.

Prisar

Du kan få tilsend prisliste ved å kontakte oss. Me tek atterhald om prisendringar og trykkfeil. Dersom du handlar i vårt fabrikkutsalg, kan du betale kontant, med kort eller få tilsend faktura dersom du gjer avtale om det. Prisar på transport er Posten og Bring sine gjeldande prisar.

Levering

Bestilte varer blir send med Posten og Bring, normalt som postoppkravspakke. Dersom postoppkravspakke ikkje blir henta på utleveringsstaden innan hentefrist sett av Posten, skal normalt tilleggsfrakt betalast av kunde. Dersom du bur i nærleiken, kan du hente varene kostnadsfritt i vårt fabrikkutsalg.

Forhandlarar:

Bestilling/kjøp

Som forhandlar anbefalar me at du bestiller varer ved å logge deg inn på vår nettbutikk. Då går bestillinga inn i vårt ordresystem og du får automatisk tilsendt ordrebekreftelse. Dette forenklar og gjer arbeidet med ordrar lettare for oss og me får ei raskare ordrebehandling. Alternativ til nettbutikken er å sende bestilling på e-post eller fax. All elektronisk bestilling lettar trykket på telefonen.

Prisar

Vareprisar eks. mva. finn du i nettbutikken. Me tek atterhald om prisendringar og trykkfeil.
Prisar på transport er Posten og Bring sine gjeldande prisar.
Ønsker du engros prisliste for dekorasjonsskinn eller nappaskinn, ta kontakt.

Ordrebekreftelse

Det vert sendt ordrebekreftelse på mail ved alle bestillingar i nettbutikken.

Levering/Frakt

Bestilte varer blir sende med Posten (Bring) som fraktgods eller bedriftspakke frå dør til dør.

  • Varene blir fritt framsende innanlands ved ordre over kr. 10.000,- netto.
  • Halv frakt ved ordre frå kr. 6000,- til kr. 10.000,- netto.
  • Full frakt ved ordre under kr. 6000,- netto.
  • Merk unntaka for fraktfri levering.

Betalingsvilkår

Netto pr. 14 dagar (eller etter avtale). 1% morarenter pr. mnd. etter forfall.

Retur

All eventuell retur avtalast på førehand.