Slik vaskar og reinsar du saueskinn (Tips og råd)

Treng saueskinnet ditt ein vask? Etter ein del bruk kan det bli nødvendig med både vasking og reinsing for å halda skinnet fint. Her er Granberg Garveri si oppskrift på korleis du best tek vare på og vaskar saueskinnet ditt.

Last ned utskriftsvennleg vaskelapp (PDF)

Reint og vakkert saueskinn frå Granberg Garveri

 

Maskinvask eller handvask av saueskinn?

Du kan vaska skinnet på same måten som ullplagg, men lengda på ulla avgjer vaskemetoden:

  • Saueskinn med ull under 15 cm: Kan vaskast i maskin og sentrifugerast.
  • Saueskinn med ull over 15 cm: Må handvaskast, men kan sentrifugerast i maskin etterpå.

Etter vask skal skinnet gniast godt inn på kjøttsida med flytande handsåpe (t.d. Lano), før det hengjast til tørk.

Tørking og mjukgjering av skinnet

Etter tørking vil skinnet krype og stivne noko. For å få skinnet mjukt att, er det viktig at det strekkjast i alle retningar før det er heilt tørt. Bruk alle krefter! Ulla bør kardast eller børstast når skinnet er heilt tørt.

Profesjonell reinsing av saueskinn

Reinsing kan utførast på eit reinseri. Me på Granberg Garveri tek også mot skinn for vasking, reinsing og karding. Det er då viktig at pakken er tydeleg merka med at skinna skal til reins eller vask.

Merk: Me gjer merksam på at ikkje alle skinn kan vaskast. Er skinnet gamalt (over 20 - 30 år) kan det vera for svakt i læret til å tåle vask eller reinsing.

Sjå vårt utval i ekte norske vaskbare saueskinn

Behandling av skinn før dei blir sende til oss til beredning

DSC_8455_1.png

Avkjøling og konservering må skje same dagen som dyret blir slakta.

Måtar å konservere på er:

Skal eit skinn bli eit godt pelsbereda eller garva produkt, er vilkåret at konserveringa vert rett utført frå byrjinga av.

 

Informasjon om...
Informasjon.png

 

Ord og utrykk

 Questionmark@2x.png

Beredning
Pelsgarving av skinn.

kvf
Kvadratfot (30,5 x 30,5cm).

Leigeberedning
Skinn som kunden sender oss for beredning.

Moccaskinn
Bekledningsskinn (semske), baksida (kjøttsida) er behandla for å bli plaggets framside. Les meir.

Nappaskinn
Bekledningsskinn (glatte), framsida (narvsida) er behandla for å bli plaggets framside. Les meir.

Returskinn
Når f.eks. ein leverandør leverer dyr til slakteri og ber om at nokre skal sendast til beredning, då vert dei sendt oss som returskinn.

Stolling
Strekking av skinn.

Bügling
Dette er ei varmebehandling med roterande strykejern. Det er ei maskin med ein roterande stor valse (oppvarma til 160 grader C). Denne valsen varmar og greier ut ulla på ein spesiell måte, slik at ulla toppar seg i små spir, får ein glattare utsjånad og får meir volum. Ulla blir også jamnare, og der det er «vattete» utsjånad blir det finare. Maskina fungerer i prinsippet som ei glattetang  som frisørar brukar.