Kampanje

Når me bereder over 80.000 skinn i året blir det alltid tatt ut ein del skinn som ikkje er eigna til beredning (skinn med pelsen på). Slike skinn blir etter kvart avhåra og  garva til glattskinn (nappaskinn eller vegetabilsk garva skinn).

Etter vareteljinga ved nyttår ser me at det flyt litt over med ein del vegetabilsk garva skinn av kidd-, kje- og geitskinn, samt restar av skinn til produksjon av skinnkalender. Skinna er vegetabilsk garva og har ein gulbrun farge frå garvestoffet. I gamle dagar vart denne garvinga kalla  for barking, fordi garvestoffet kom frå bork av ulike tre.

Dette overskotslageret er nå prisa ned til «gi bort prisar». Dette er skinn til bruk i lær-sløyd arbeid, hobbyarbeid, til trommeskinn, til å lage merkelappar av, menykort og mykje anna. Privatpersonar, lag og foreiningar kan her finne skinn til aktivitetar nesten gratis.

Send oss bestilling i dag til post@granberggarveri.no. Me sender omgåande.

OBS av tekniske årsaker er prisen oppgitt eks. mva. Dvs. f.eks.  10 kr + mva = 12,50 inkl. mva.

Arkiv

Hjartestartar
Hjartestartar Les mer
Nytt pakkehus
Nytt pakkehus Les mer
Nye nettsider
Nye nettsider Les mer
Pelsmocca i fabrikkutsalget
Pelsmocca i fabrikkutsalget Les mer