Gamle skinnfellar

Ikkje kast gamle skinnfellar. Dei har ei historie å fortelje. Me får av og til spørsmål om å rense fellar som folk finn på gamle loft og i kjellarar eller dei kjem frå dødsbu. Dersom fellen heng i hop og ikkje er oppsprukken, klarer me som regel å fikse den. Dvs. å få den mjuk eller mjukare, rense den og karde opp ulla.

Fellen på bildet er frå 1927. Den såg ikkje fin ut ved mottak, men etter støvsuging, fukting og 2 gonger med nytt fett, tørking, tromling, rensing, karding og tromling mange gonger, så blei han slett ikkje så verst.

Eigaren var vel fornøgd og det er alltid interessant å hjelpe til med å bevare eit slikt historisk handverk. Prisen på slike oppdrag er avhengig av størrelsen på fellen, kor mykje arbeid det er og evt. sying/lapping/liming. Prisen kan bli mellom 1.500 og 3.000 kr for eit slikt oppdrag.   

Arkiv

Hjartestartar
Hjartestartar Les mer
Nytt pakkehus
Nytt pakkehus Les mer
Nye nettsider
Nye nettsider Les mer
Pelsmocca i fabrikkutsalget
Pelsmocca i fabrikkutsalget Les mer