Grilling og noko attåt

Normalt pleier me ha ein grillettermiddag på terrassen kvar sommar. I fjor stoppa koronaen dette, men torsdag fekk me det til i 20 graders ettermiddagssol. Bedrifta er 70 år i år, men markering av det er, av koronaårsaker, utsett til neste år.

I høve jubileet hadde me bestilt eit måleri av Gudrun Røyneberg. Sidan Gudrun var på hytta si her enda, overleverte ho måleriet og gav grundig forklaring på alle detaljar. Måleriet er ei historieforteljing om bedrifta og familien bak bedrifta. Stor takk til kunstnaren Gudrun for vel uttenkt og gjennomført oppdrag! Elles markerte me Ole Andreas sin 60 års dag. Litt besøk av veps hadde me også, men ingen blei stukken.

Arkiv

Nettbutikken
Nettbutikken Les mer
Informasjon til våre forhandlarar
Informasjon til våre forhandlarar Les mer
Historien om Granberg Garveri
Historien om Granberg Garveri Les mer
Me ynskjer alle ei fin 17. mai feiring!
Me ynskjer alle ei fin 17. mai feiring! Les mer