Returskinn

Då var det tida for å pakke og sende ut alpakka-, mohairgeit-, boergeit-, kasjmir-, Muflon-, vanlege geit-, kje- og kaninskinn. Desse skinna har komme inn til oss frå 4. september til 14. desember.

Dei blei tatt i arbeid 14. desember, kvite skinn (eller skinn som er mest kvite) i eige parti og farga skinn i anna parti. Dei har gjennomgått våtprosessar, tørking, strekking og sliping. Etterpå blir dei reinskorne (trimma) rundt kanten, nokre blir karda. Det er over 20 prosessar.

Tilslutt blir skinna sortert etter merkenummer slik at kvar eigar får tilbake sine skinn. Det kjem inn geitskinn heile tida. Me treng mellom 1000 og 1800 skinn (avhengig av størrelsen på skinna) i eit parti. Truleg går neste parti i arbeid rett før påske. Dette var litt informasjon om korleis me driv.

Arkiv

Nettbutikken
Nettbutikken Les mer
Informasjon til våre forhandlarar
Informasjon til våre forhandlarar Les mer
Historien om Granberg Garveri
Historien om Granberg Garveri Les mer
Me ynskjer alle ei fin 17. mai feiring!
Me ynskjer alle ei fin 17. mai feiring! Les mer