Bondemarknad i Ølen

Det var kjekt å få komme på marknad igjen. Det var tydeleg at publikum ønskte det same, etter frammøte å dømma. Flott ver og blide folk. Me har i over eit år restaurert ein lastebil (Opel Blitz 1958 mod), lik den Garveriet hadde i bruk i 1966-68. Bilen blei ferdig på fredag ettermiddag og på laurdag var den vår marknadsstand i Ølen.

Mange hadde interesse av å sjå ein slik bil, sidan det var mange slike bilar i distriktet på den tida. Bilen passa godt til formålet som «torgbil». Takk til alle som handla hos oss.  

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer