Grilling og noko attåt

Normalt pleier me ha ein grillettermiddag på terrassen kvar sommar. I fjor stoppa koronaen dette, men torsdag fekk me det til i 20 graders ettermiddagssol. Bedrifta er 70 år i år, men markering av det er, av koronaårsaker, utsett til neste år.

I høve jubileet hadde me bestilt eit måleri av Gudrun Røyneberg. Sidan Gudrun var på hytta si her enda, overleverte ho måleriet og gav grundig forklaring på alle detaljar. Måleriet er ei historieforteljing om bedrifta og familien bak bedrifta. Stor takk til kunstnaren Gudrun for vel uttenkt og gjennomført oppdrag! Elles markerte me Ole Andreas sin 60 års dag. Litt besøk av veps hadde me også, men ingen blei stukken.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer