Gyngesau i ekte norsk saueskinn – Ei unik og tidlaus gåve

IMG_7489-2.png

Endeleg er dei nye gyngesauene på plass i Ølensvåg! 🐑 Dei er laga i Norge og kledde i mjukt, ekte norsk saueskinn. Siden alle skinn er ulike, får du ein gyngesau ingen andre har maken til.

Leitar du etter ein tradisjonsrik og flott gyngesau i ekte saueskinn? Gyngesauene våre er ein tidlaus favoritt som passar perfekt som til dømes dåpsgåve, navnefestgåve eller 1-årsgåve. Me i  Granberg Garveri gjer gammal handverkstradisjon om til noko mjukt, varig og heilt naturleg.

I fabrikkutsalet har me no fylt opp hyllene med eit flott utval av norskproduserte gyngesauer, kledde i skinn frå ulike tradisjonsrike norske sauerasar:

  • Pelssauskinn: Kjente for sin fantastiske glans, mjuke krøllar og nydelege gråtonar.
  • Villsauskinn: Naturlege, rustikke skinn med eit unikt og levande fargespel.
  • Spælsauskinn: Har lang, glansfull ull som gjev gyngesauen eit ekstra lunt og eksklusivt uttrykk.
  • Blesesau og kvit sau: Klassiske, mjuke og tidlause alternativ.

Både leike og vakkert interiør

Ein gyngesau kledd i ekte saueskinn er ikkje berre ein populær leike for dei minste, men òg eit nydeleg dekorelement i heimen eller på hytta. Ekte ull har naturlege, sjølvreinsande eigenskapar takka vere lanolinet i ulla, noko som gjer at skinnet held seg fint i generasjonar med minimalt vedlikehald.

Ta turen innom fabrikkutsalet vårt i Ølensvåg for å sjå dei nye modellane, eller les meir om utvalet vårt kva me har av skinnprodukt.