Postpakkar

Me får mengdevis med postpakkar med skinn til beredning. Stort sett er dei skikkeleg pakka og kjem fram i god stand. I Posten kan ein i prinsippet ikkje sende pakkar med flytande innhald eller pakkar som lekk ut væske. Det er difor me har informert i informasjonsskriv og på vår nettside om pakking og sending  om dette tema.

Pakken på bildene er eit skrekkeksempel. Posten har hatt den oppi ein plastsekk til slutt, fordi emballasjen er gått i oppløysing. Viss ikkje hadde emballasje og innhald skilt lag undervegs. Årsaka var fordi skinna inni var altfor våte og for mykje vått salt/lake sendt med. Det var 3 skinn i kvar sin gule plastsekk, men dei sekkene var ikkje knytt igjen. Etterpå var dei lagt i ein søppelsekk som var lekk. Av dette vart det lekkasje av saltlake, som øydela pappkartongen. Rundt tunge pakkar er det også nødvendig å surre tau/hyssing eller solid tape.

Dette er viktig informasjon til alle som sender inn skinn til oss.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer