Samarbeid og erfaringsutveksling er heilt avgjerande i arbeidet med miljøspørsmål. Sjølv om garveribransjen i Skandinavia er lita, stod fellesskapet sterkt då representantar frå tre nordiske garveri var samla hos oss til miljømøte sist veke.
Me fekk høyre eit spennande foredrag frå Stefan Rydin frå Sverige om lovverk, forskrifter og aktuelle miljøtema. I tillegg var det stor interesse for omvisning og informasjon om det nye renseanlegget vårt.
Det set me stor pris på – både det faglege påfyllet og dei gode samtalane med kollegaer frå bransjen. Og ikkje minst det sosiale samværet på kveldstid!
Tusen takk for besøket – vi gler oss allereie til neste miljømøte, som blir arrangert hos eit garveri i Sverige neste år.