Selskinn

Når me bereder selskinn blir det alltid litt skinn i undersorteringar. Nå har me sortert ut ein stabel med slike skinn, som me kan selje til ein rimeleg pris. Skinna A eller B er like store frå 70-100 cm lange, ca. 0,4 – 0,6 m2.

A
Disse selskinna er nokså ok, bortsett frå at dei kan ha litt snauflekker og eller eit gulskjær over deler av pelsen. Dei har gjennomgått full beredningsprosess inklusive oppmjuking, slipt bakside og rensa pels. Baksida er i orden til bruk som lær, skosåle og liknande. Skinna kan brukast til å lage ting av som suvenir, møbelknottar, lærreimar, skosålar, sitteunderlag og liknande. Hentepris kr185,-.

B
Skinna i denne kategori har større snauflekker i pelsen eller har litt meir gulfarga pels. Dei er også ferdig laga, dvs. full beredningsprosess inklusive oppmjuking, slipt bakside og rensa pels. Snur ein skinnet er baksida i orden til bruk som lær, skosåle og liknande. Skinna kan brukast til å lage mindre ting av. Hentepris kr 95,-.

Me kan også sende med tillegg av porto, men ingen returrett. Porto for 5 skinn er ca. 200 kr. Ved bestilling opplys berre om kor mange skinn i kva kategori (A eller B) samt din postadresse og tlf. nr. Bruk mailen: post@granberggarveri.no eller tlf. 52765009. Tilbodet gjeld så langt lageret rekk.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer