Vegetabilsk garva skinn

I dag sender Ann Olaug ut vegetabilsk garva skinn av både lam, geit,  rein, hjort, elg og storfe, som private kundar har sendt inn for behandling. Vegetabilsk garva skinn blir avhåra, pyra, pickla , vegetabilsk garva, fetta og tørka. Til slutt blir skinna stolla, slipt og tromla.

Dette er prosessen i korte trekk. Skinna blir i sin opprinnelige tjukkelse, som varierer med skinnslaget og alder på dyret. Fargen er lys brun, som skinnet får av det vegetabilske garvestoffet.

Me må ha ei viss mengde av slike skinn for å ta i arbeid eit parti. Det kan difor bli ventetid til me har nok skinn til eit parti.  Disse skinna gjekk i arbeid  5. november og blir utsendt 18. desember (i dag).

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer