Fabrikkutsal i Ølensvåg – Stort utval av skinn, pels og lær

Er du på jakt etter skinn, lær og pelsprodukt av god kvalitet? Då bør du ta turen innom fabrikkutsalet vårt i Ølensvåg. Butikken ligg lett synleg langs hovudvegen, -enten du berre køyrer forbi, eller kjem fordi du veit kva du er ute etter.

Kva finn du i fabrikkutsalet?

Hos oss finn du eit oversiktleg og breitt utval til mange ulike bruksområde. Ved å besøkje oss fysisk kan du sjå, kjenne og samanlikne produkta i ro og mak. Her er noko av det vi tilbyr:

  • Interiør og friluft: Norske saueskinn, reinskinn, selskinn, viltskinn og sitteunderlag av rein og sau.
  • Baby og barn: Trygge soveskinn av lam for baby og varme vognposar for baby.
  • Hobby, saum og handverk: Nappaskinn, moccaskinn, møbelhud og lær.

Vi har ofte gode tilbod, så det løner seg å stikke innom. Treng du hjelp, får du rettleiing frå fagfolk som verkeleg kjenner skinn.

Leigeberedning – Innlevering og henting

Har du eigne skinn til leigeberedning? Fabrikkutsalet fungerer som utleveringsstad for ferdig beredde skinn – enkelt og praktisk. Har du behov for å hente skinn utanom ordinær opningstid? Ta kontakt, så finn me ei smidig løysing.

Omvising og bedriftsmuseum

Me tek gjerne imot grupper for omvising og handel i fabrikkutsalet. Er de interesserte i lokal industrihistorie, kan de også avtale eit besøk i bedriftsmuseet vårt.
Ta kontakt med oss for å gjere ein avtale.

 

Gratis parkering rett utanfor døra gjer det lett å kome inn, lett å handle – og lett å kome att.

👉 Klikk her for å sjå produkta våre av norske saueskinn, reinskinn og mykje meir

Velkomen innom!

 

Fabrikkutsalget sine ordinære opningstider

Måndag - torsdag: 10 - 16
Fredag: 10 - 17
Laurdag: 11 - 14
Søndag: Stengt

Stengt på helligdagar og offentlege høgtidsdagar.

Her finn du oss

 
 
 

Vareprøvar

Me sender vareprøvar av mellom anna lær, nappaskinn og moccaskinn dersom du vil vurdere type og farge før du bestiller. Ta kontakt så sender me.

Samling nappaskinn i mange fargar

 


Skjæring av reimar

Her kan me skjære reimar i den breidda du ønsker.

Skinnreimar i ulike bredder på skjæremaskin for skinn

 

 

Henting av skinn

Dersom du har hatt skinn til leigeberedning hos oss og bur i nærleiken, då kan du hente skinna i fabrikkutsalget, dersom det er gjort avtale om det. Me sender SMS melding når skinna er klare.

Norske skinn og skinnprodukt pakkar i hylle

 

 

Kreativ inspirasjon

Her kan du finne kreative idear  om ting som du kan lage av ulike skinntypar.

Ulike skinnprodukt ein finn i fabrikkutsalget til Granberg Garveri i Ølensvåg

 

 

Gratis saueskinnskapp

Her kan du få sekker med gratis saueskinnskapp – flott til hobby, småarbeid og kreative idéar. Les meir.

Gratis saueskinnskapp av norsk saueskinn