Einaste bedrift i landet som har overlevd bransjen

Det starta som ei lita familiebedrift på Innbjoa for snart 70 år sidan i skarp konkurranse med 60 andre bedrifter i same bransje. I dag sit andre generasjon ved roret ved Granberg Garveri AS og fører tradisjonen vidare som det einaste gjenlevande garveriet her til lands.

Industrieventyret i Ølensvåg starta med ein idé unnfanga av ein ung gut frå Ølen som i ein alder av 12 år bestemte seg for å bli garvar. Ideen kom etter å ha sett dei flotte gåvene laga av skinn som far hans sende heim frå USA der han jobba for å skaffa pengar til familien. Guten tok etter kvart utdanning innan yrket, gjekk i lære og jobba i ulike garveri før han i 1951 bestemte seg for å starta sitt eige føretak.

Karl Johan Granberg (1920-2016) grunnla Granberg Garveri og Skinnkonfeksjon, og saman med broren Paul dreiv han med produksjon av ulike skinnvarer, frå skinnjakker og vestar til innesko og pusseskinn. Men etter 10 års drift delte dei forretninga, og Karl Johan fortsette garveriverksemda medan broren slo seg på hanskeproduksjon og danna grunnlaget for dagens hanskebedrift med adresse Bjoa.

I dag er det Olav Granberg (64) som styrer garveriet i Ølensvåg, som han overtok etter sin far Karl Johan i 1995, og som han håpar har livets rett i mange år framover.

— Me har ikkje tenkt å gje oss etter 70 år, seier Olav Granberg som er oppvaksen med garveridrift sidan han var ein liten gutunge.

— Eg har vore her heile livet. Eg starta som 7-åring og gjekk med post, rydda og smurde fett på skinna, seier han.

Stadig vekst

Då første generasjon Granberg starta garveridrifta var det garveri over heile landet, rundt 60 i slaget. I 1974 var talet redusert til 20 og i 2015 var garveriet i Ølensvåg einaste i sitt slag.

— Rundt 1900 var garveriindustrien den tredje største her til lands. I dag er den utkonkurrert, seier Granberg som likevel har klart å halda hovudet over vatnet og auka omsetnaden jamt og trutt.

— I 1962 omsette bedrifta for 16.000 kroner. Året etter blei omsetninga dobla, og slik fortsette det i mange år. Då eg overtok var omsetnaden 7 millionar kroner og i fjor omsette me for 35 millionar. Bedrifta tel 40 årsverk, og i tillegg til lokale tilsette har me folk mellom anna frå Polen, Litauen, Romania og Syria, seier bedriftsleiaren.

Polakkane er godt representerte i arbeidsstokken og mange kjem igjen år etter år for å jobba i periodar.

— Eg jobba her fast frå 2006 til 2016. I dag kjem eg hit årvisst tre til fire gonger i året, fortel Slawek Jarzebowski frå Polen som opphavleg er taxisjåfør i heimlandet.

— Eg trivst godt og difor kjem eg igjen. Både bror min, kona mi og svigerinna mi har jobba her, fortel han.

Byggetrinn

I takt med utviklinga blei det behov for stadig større fabrikklokale og i 1970 starta Karl Granberg bygging av ny fabrikk i Ølensvåg.

— Far min fekk kjøpa tomt av kommunen og sette opp ny fabrikkbygning på rundt 800 kvadratmeter som han sjølv teikna. I 1974 og 1977 blei det påbygg , og i 1995 – då eg overtok – blei anlegget igjen utvida. I dag har me 4.000 kvadratmeter, seier Granberg som har investert kraftig etter at han overtok.

Mellom anna er nytt avsugsanlegg installert og brannslokkingsanlegg basert på gass bidreg til å sikra verdiane i dei mange bygga.

— Eg har investert rundt 40 millionar sidan eg overtok, og nå er me på veg til å prosjektera nytt biologisk reinseanlegg. Me har også investert i ny transportbil, seier han.

Stor på saueskinn

I fjor behandla bedrifta 80.000 skinn. Rundt 50.000 av desse var skinn av sau, medan 25.000 kom frå reinsdyr. Skinn av geitekje, hjort, elg, ku, kalv, kanin, bever og bjørn er også å finna på lista over skinn som blir tatt hand om i Ølensvåg. Bedrifta kjøper inn eigne skinn for behandling og tek i tillegg inn skinn frå private kundar.

— Me har leigeskinn som me tek inn frå bønder og private, og som me sender i retur. Ved slakteria blir skinnet merka og bonden får igjen sitt eige skinn. Det var dette konseptet det starta med og som i dag utgjer rundt halvparten av det totale antal skinn, seier Granberg.

Skinna som finn vegen inn dørene på Granberg kjem frå slakteri over heile landet.

— Mesteparten av saueskinna kjem frå Fatland, Nortura i Sandeid, Forus og Førde. Me leverer mest innanlands, men om lag 15 prosent blir eksport til Europa, opplyser 64-åringen.

Arbeidskrevjande

Produktlista inneheld ei rekkje varer som er eigna både til pynt og nytte. Størstedelen av produksjonen er heile skinn som kan brukast både inne og utandørs, og i tillegg har dei eitt breitt utval av nappaskinn, trommeskinn, vegetabilsk og farga lær og ulike ferdige produkt laga av skinn.

I bedrifta sitt fabrikkutsal kan ein kjøpa handlaga produkt som vottar, vesker, tøflar, puter, ein søt liten kosebamse eller ein gyngesau til minstemann. Tyske Inge Scherreiks kom til Granberg for ti år sidan og har i dag arbeid i butikken. I tillegg til å betena kundane, tryllar ho fram flotte produkt av skinnrestar som elles ville gått til spille.

— Eg trivst veldig godt. Det kjem mykje folk innom butikken og innimellom kundane lagar eg ting til butikken, seier den kreative dama nøgd.

Tidkrevjande prosess

Skinna må gjennom ein lang og tidkrevjande prosess før dei er klare for marknaden. Sjølve garvinga føregår i store garvekjelar og skinna går gjennom mange ulike behandlingar i fleire dagar. Etterpå blir dei tørka, strekt, slipt og eventuelt karda.

— Me leverer skinn til dei fleste bruksområde. Det er ein arbeidskrevjande prosess og mykje hardt arbeid som ikkje hadde gått utan alle dei flinke folka me har her, seier bedriftseigaren og ser fram til mange nye år ved landets einaste garveri, seier Granberg.