Glade prisvinnarar

av Grethe Hopland Ravn

 

I går gjekk ordføraren si årlege nyttårsmottaking av stabelen i Skjold arena og heider til lokale eldsjeler blei eit høgdepunkt for festen. Det var takknemlege vinnarar som tok i mot prisane.

 

Skjold Arena var søndag duka til den årlege nyttårsmottakinga til ordføraren og det var mange vindafjordingar hadde lyst til å vera med på festen. Ein fest med mykje spennande på programmet, og med fire prisvinnarar som på heiderleg vis blei løfta fram. Vindafjord kommune delte ut kulturpris, næringspris, byggeskikkpris og omsorgspris denne søndagen, til både rørte og takknemlege mottakarar.

— Eg har vel sjeldan vore så overraska over å opna eit brev som eg blei då eg las at eg var tildelt kulturprisen. Ikkje ein gong då eg fekk brev frå politiet som kunne informera meg om at dei hadde teke bilete av meg, forkledd som kvinne i ei 60-sone på Karmøy, humrar Roald Årvik frå Vikebygd, og legg til at han takkar djupt for tildelinga.

Årvik får kulturprisen for den utrøytelege innsatsen han gjer for å merka stiane i Vikefjella. Han går fleire turar i veka, gjerne med saks, øks og nye merkepinnar, og siste lading var på 300 pinnar. Alle hogde, barka, spissa, runda og raudmala av Årvik. Han har merka milevis av turløyper i fjellet og han ryddar og held opne gamle stiar. Folk flest veit ikkje ein gong at denne store dugnadsinnsatsen er gjort av ein enkelt person, og ikkje turistforeining eller organisasjonar.

— Eg hadde aldri tenkt eg skulle få ei slik takk, og eg er svært takknemleg og audmjuk. Eg får løn i massevis berre eg ser at folk brukar turstiane. Går ein person på tur, ja då har denne eine personen gitt meg løn for strevet, seier han.

Går ein person på tur, ja då har denne eine personen gitt meg løn for strevet

Roald Årvik, kulturprisvinnar

Fekk byggeskikkpris

Helge Søndenå frå Sandeid fekk tildelt byggeskikkprisen frå ordføraren, og heller ikkje han var førebudd på at han var nominert til ein slik pris.

— Ja eg blei svært overraska, men det er jo klart at det er ei utmerking eg set stor pris på. Sjølv om det aldri var i tankane mine at det var slik det skulle enda, seier Søndenå som får byggeskikkprisen for å ha tatt vare den gamle og litt spesielle tunløysinga som er på garden, ikkje langt frå Fjellstøl i Sandeid.

Søndenå overtok bruket med gamle og lite brukarvenlege bygningar for nokre år sidan. Han har valt å byggja nytt hus i gamal stil på dei gamle husmurane på garden. Han har også valt å restaurera den gamle løa i stein og lagt steinheller på heile taket. Riksantikvaren har sett bruket med steingardar og bygningar og har uttrykt at det er verd å ta vare på. Ordføraren rosar det aktive valet om å ta vare på tradisjonell byggjeskikk.

— Eg hadde ikkje klart dette åleine og eg må takka både Åsmund Kalstveit, Geir Tveit, Haugaland Bygg og Betong, Norbo hus og smilemidlar frå kommunen som har gjort denne oppgraderinga mogleg, seier Søndenå.

Verdige vinnarar

Ordføraren delte også ut omsorgspris og næringspris denne søndagen, og det var Granberg Garveri som fekk næringsprisen. Dei framstår i dag som ei slagkraftig og topp moderande bedrift innan ein bransje som har gått gjennom hard omstilling og nedlegging. I dag er Granberg Garveri einaste garveri i landet med driftskonsesjon, med ein årsproduksjon på over 75.000 skinn av alle slag og er ein arbeidsplass for rundt 40 personar.

Omsorgsprisen blei tildelt Vindafjord lokallag av NFU – Norsk forbund for utviklingshemma. Dette er ei foreldrestyrt foreining som på beste vis prøver å laga ein god kvardag for eigne barn – og for andre i same situasjon. Dei står på for at psykisk utviklingshemma skal få eit verdig liv, som barn og som vaksne. Som einskildpersonar og som gruppe har desse foreldra dessverre hatt utfordringar i møte med offentlege instansar. Kampen for eit verdig liv og det å bli godt og naturleg inkludert er noko denne gruppa kjenner godt til. Dette vil kommunen vera med å løfta fram, og uttalar at omsorgsprisen er absolutt verdig desse vinnarane.

Heidra Holten

Ein som også blei heidra denne kvelden var Daniel Holten som gjennom mange år har gjort seg godt merka på landsbasis innan motorsporten. I september blei han noregsmeister og det er ei bragd som skal heidrast, meiner Vindafjord kommune. Han fekk utdelt ei pengegåve på 5.000 kroner.

Programmet denne festkvelden var eit variert, historisk, humoristisk og musikalsk program. Steinar Aalvik som mange kjenner frå «På tampen» i Grannar kåserte på sitt underhaldande vis. Rådmann Kristian Birkeland som i løpet av 2018 går av som rådmann etter ti år, gav dei frammøtte eit tilbakeblikk på si tid i kommunen. Elles blei det musikk frå både Vegard Skartland frå Vikebygd og bandet FYK frå Imsland.