Lærer norsk på jobb

Granberg Garveri AS vil ha ein så trygg arbeidsplass som mogeleg. Difor kostar dei norskkurs på arbeidstakarane sine.

av Torstein Nymoen
(Grannar - måndag 13. juni 2016)

 — Det har vore veldig bra, læraren var kjempeflink, fortel Inge Scherreicks. Ho er ein av dei utanlandske tilsette ved Granberg Garveri AS som sidan i vinter har bruka to timer annan kvar torsdag ettermiddag til å læra seg norsk.

Tryggleik

Dagleg leiar Olav Granberg fortel at ein stor del av tanken bak norskkurs er å betre tryggleiken på arbeidsplassen.

ganske unikt at arbeidstakarar får norsk-opplæring gratis av arbeidsgjevaren

— Det er mykje som føregår på eit anlegg som dette, og misforståingar kan i verste fall føre til alvorlege hendingar kor liv og helse kjem i fare, seier han.

Til saman har 14 av dei om lag 50 personane som jobbar ved verksemda i Ølensvåg, som er Noregs einaste garveri og tek i mot skinn frå heile landet, vore med på kurset.

Norskkurset har gått føre heilt fram til i juni. Førre veke var det eksamen og fredag fekk dei utdelt diplom som bevis for at dei har gjennomført kurset.

Ikkje vanleg

Opplæringa er det Turid Ljosnes Tarabay som har stått for. Ho har nyleg flytta heim til Ølen etter å ha budd fleire år i Libanon og i Oslo. Ho er imponert over elevane sine.

— Det har vore ein kjekk gjeng. I tillegg til at det har vore undervisning i lokala, har dei jobba flittig med heimelekser, fortel Tarabay.

Dei 14 har vore delt i to grupper som har hatt undervisning annan kvar torsdag. I tillegg til grunnleggjande norskopplæring, både munnleg og skriftleg, har det vore fokus på faguttrykk innan garving og bereding av skinn.

Ho skryt òg av oppdragsgjevaren.

— Det er ganske unikt at arbeidstakarar får norsk-opplæring gratis av arbeidsgjevaren. Mange utanlandske arbeidstakarar opplever at dei får beskjed om å kjøpe norskkurs andre stadar, og betale for det sjølv. Denne måten å gjere det på er noko fleire verksemder kunne hatt god nytte av å gje arbeidstakarane sine, meiner Tarabay som mellom anna har jobba med vaksenopplæring.