Investerer i ny berekraftig teknologi

Granberg Garveri kan sjå tilbake på 70 år med garverihistorie. Det unike garveriet satsar friskt framover, og investerer no i ny teknologi for å koma reinsekrava til styresmaktene i møte. 

Medvind 24: AV:  PUBLISERT: 

Garveriet i Ølensvåg er eineståande, og faktisk det einaste industrigarveriet som er att i landet. Bedrifta som sysselset om lag 42 årsverk er i full vigør med garving av skinn – i all hovudsak saueskinn, men også drypp av meir eksotiske innslag som moskus eller selskinn. Gjennom dei siste 15 åra har Olav som dagleg leiar investert om lag 50 millionar kroner i bedrifta, no er han klar for å investere fem nye millionar. 

Alt for å få nytt reinseanlegg på plass. Målet er ei meir berekraftig drift, og mindre utslepp. 

– Det me byggjer no er eit vass-reinseanlegg som gjer at avløpsvatnet som blir slept ut frå anlegget er reinare enn det styresmaktene krev i dag, seier Olav Granberg og viser til Miljødirektoratet sine krav om mindre utslepp i produksjonen. I stor grad kjem utsleppa i garveriet frå vasking av skinn, der vatnet blir skite av både salt og feitt undervegs. 

– Reinseanlegget me allereie hadde er blitt for lite, produksjonen har auka for mykje. Og det har ikkje vore fokus på gjenbruk av vatn på det anlegget me har hatt , berre reinsing, fortel han. 

 

Medvind januar 2023-1.jpg

Bygginga av det nye reinseanlegget er godt i gang, målet er å bruke opp att ein del av vatnet når det er reinsa. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

 

 

Hjå Granberg Garveri reiser det seg no eit flunkande nytt bygg. H-Betong er i gong med å støype den store kummen på 150 kubikk, som skal huse råvatnet frå prosessen. I tillegg blir det støypt ein mindre tank på 50 kubikk. Først går råvatnet opp i den store kummen, så pumpa opp til reinseanlegget og så går det reinsa vatnet opp i den vesle tanken. Målet er å pumpe det reinsa vatnet inn drifta for å bruke det igjen. 

Granberg Garveri har investert i Minavors vass-reinseteknologi for å gi mindre utslepp i sjø. Det er noko Olav Granberg meiner er vel verdt pengane. 

– Å bygge reinseanlegg er akkurat som at du byggjer eit kontorbygg, du må byggje kantinerom og garderobe, sjølv om du ikkje tener direkte på det. Og når me har investert så mykje som 50 millionar dei siste åra, så er ikkje desse millionane nødvendigvis det som avgjer. 

– Men det kjem på eit vanskeleg tidspunkt, seier Olav. 

Han veit så godt at høge straumrekningar, ekstra arbeidsgivaravgift og auka kostnadar på fyringsolje og diesel berre er nokre av brikkene som kan kome til å styre den økonomiske utviklinga framover. 

– Eg trur ikkje me kan investere nye 50 millionar dei neste 10 åra, så ærleg må eg vere. 

 

Granberg Garveri er det einaste industrielle garveriet igjen i landet. Framleis tenkjer Olav Granberg utvikling kvar einaste dag. (Foto: Hanna Maria van Zijp) 

 

 

I god gamal Granberg-ånd er også bygging av nytt reinseanlegg eit familieprosjekt. Sonen Lars, som er utdanna både tømrar, osteopat, lastebilsjåfør og terrengsyklist, skal nemleg stå ansvarleg for bygging av sjølve huset som trengs. 

– Det er veldig kjekt at han engasjerer seg i dette no, han er og mykje med mekanikarane her og jobbar ein del der, seier Olav som trass i dette ikkje veit om nokon av borna er klare til å ta over stafettpinnen når han sjølv vil gi seg ein gong i framtida. 

Bedrifta han er dagleg leiar for hadde sin spede start i 1951 då Granberg Garveri & Skinnkonfeksjon starta opp på Innbjoa. Det var far til Olav, Karl Johan og broren Paul som starta bedrifta saman. Ti år etter delte brørne bedrifta mellom seg.

Medan Karl Johan heldt fram med garveri satsa Paul på hanskeproduksjon, det me i dag kjenner som hanskeprodusenten Granberg på Bjoa. Skaparkraft og viljen til å få noko til sit i veggene i bedrifta. Karl Johan var framsynt og kjøpte lastebil så langt tilbake som i 1966.

Noko Olav har uttalt truleg var ein av nøklane til suksessen som garveriet opplevde i tida framover. 

Medvind januar 2023-2.jpg

Granberg Garveri er det einaste industrielle garveriet igjen i landet. Framleis tenkjer Olav Granberg utvikling kvar einaste dag. (Foto: Hanna Maria van Zijp) 

 

Det kjem skinn frå heile landet og utlandet inn til garveriet, alt skal registrerast, behandlast og pakkast rett. Sjølve garveprosessen på eit saueskinn går over 30 prosessar og treng både eit skarpt blikk og mykje tolmod.

Her skal skinna registrerast, sorterast, saltast, vaskast, reinskast for feitt og kjøt, garvast, tørkast, smørjast med feitt, bli tromla og karda. Sjølve drifta er todelt, nokre skinn bestiller dei sjølve for å garve og selje vidare. I tillegg kan både bønder og private næringsdrivande sende inn skinn som dei ynskjer garva.

Olav er stolt over handverket, sjølv om han veit at utdanninga som industriell garvar no er under evaluering. 

Søkjarane til faget er få, men Olav er likevel forsiktig optimist. Han har og sjølv vore sensor for lærlingar i faget. 

– Det finst nemleg eit lite garveri i Vågå som driv utan maskinar, dei brukar til dømes granbark i garveprosessen medan me brukar meir syntetiske stoff. Eg har vore sensor der oppe, men likevel er det berre hjå oss ein kan jobbe som industriell garvar.