Med ein produksjon på fleire hundre saueskinn kvar dag, blir det også dagleg til overs sekker med saueskinnskapp. Dette er skinnstrimler med ull som blir trimma av langs kantane under bearbeidinga av skinna.
Skinnkappet kan vere eit godt utgangspunkt for kreativ bruk, mellom anna i hobbyarbeid i barnehagar og liknande. Det eignar seg òg godt til vev. For nokre år sidan nytta ei kvinne dette materialet i bildevev, og viste korleis restar kan få nytt liv gjennom handverk og skaparglede.
Desse sekkene er gratis for alle som har høve til å hente dei i fabrikkutsalet. Me set stor pris på at materialet kjem til nytte, og blir glad dersom nokon kan bruke det vidare i kreativt arbeid.
Dersom du ønskjer å få sekkene sende, tek me kr 75 per sekk for pakking og handtering. Frakt kjem i tillegg. Normal fraktkostnad for éin sekk med saueskinnskapp er om lag kr 400, avhengig av leveringsstad.
Har du moglegheit til å hente sjølv – eller får nokon til å hente for deg – er sekkene gratis. Me kan òg setje ut sekker om kvelden for henting etter stengetid, etter avtale.