Sommarjobb hos oss?

Rein miljø 1.png
Det nærmar seg sommar, og mannskapet vårt skal snart ta ein velfortent ferie. Difor jobbar me no med å få på plass eit godt team av sommarvikarar.
 
Per i dag har me fått inn 12 flinke sommarvikarar, men me har framleis plass til fleire. Behovet for vikarar under 18 år er dekt – no ser me etter deg som er over 18 år.
 
Me har òg behov for fleire tilsette etter sommaren, og ofte har sommarvikarar vist seg å vere gode kandidatar for fast tilsette etterpå.
 
👉 Har du lyst på ein aktiv og lærerik sommarjobb?
 
Kom gjerne innom oss, eller ta kontakt:
 
Kanskje dette er noko for deg – eller nokon du kjenner?