Ein halv million kroner i ekstra avgift

Samstundes som nyttårsrakettane fauk til vêrs, vart Vindafjord flytta over til ei anna sone for arbeidsgivaravgift utan at nokon lokalt visste om det. For Granberg Garveri slår det ut med ein halv million ekstra å betale.

Grannar, 24.januar 2022, Jon Edvardsen

Dagleg leiar Olav Granberg i Granberg Garveri AS synest det er spesielt å få denne nyttårsgåva i fanget.

— Det er ganske fullt i fanget frå før, og det skjer utan at ein får tilpasse seg eller at det blir trappa opp. Auken kjem og ein må berre tilpasse seg. Regjeringa kan ein leggje ned og la departementa styre, ser det ut til, seier Olav Granberg.

Flytting mellom soner skjer i statsbudsjettet, og det er ingen politisk debatt om det. For dei fleste i Vindafjord har det gått under radaren.

Arbeidsgivaravgift er ein del av finansieringa av folketrygda.

Det er ganske fullt i fanget frå før
Olav Granberg, dagleg leiar

Kjem på toppen

Granberg har nok å bruke pengar på med ei dobla straumrekning for eit forbruk på nærmare 700.000 kWh.

— Vi har på trappene eit reinseanlegg som blir dyrare enn det vi rekna med. Straumen er så dyr at vi snart må produsere den sjølv. Klart det er negativt å få ein auke i avgift som er så stor. Ein kan jo prøve å hente det inn med auka prisar, men det er ikkje så enkelt, seier han.

Granberg har ikkje rekna på endringa av arbeidsgivaravgift. Men garveriet er ganske nær skjeringspunktet i lønsutgifter som får maks auke i arbeidsgivaravgift.

Vindafjord har vore i sone 1a der lønsutgifter under 14,2 millionar har 10,6 prosent i avgift, og 14,1 prosent i lønsmidlar over dette beløpet. Det blir omtala som fribeløpet på maksimalt ein halv million.

Fire kommunar

Endra sone betyr at alle bedrifter i Vindafjord må betale meir i arbeidsgivaravgift, men ingen får ein auke på over ein halv million. I praksis betyr det at auken på ein halv million frå det eine året til det andre, blir lik for Granberg og milliardkonsern i nabolaget i Ølensvåg.

Slik sett er det små og mellomstore bedrifter som vil merke endringa mest.

Differensiert arbeidsgivaravgift blir sett på som det mest kraftfulle distriktspolitiske verkemiddelet fordi det kjem alle bedrifter til gode i ei sone med lågare avgift.

På grunn av misnøye frå EU måtte Noreg revidere systemet i 2007, og i staden for at alle fekk høg sats i Vindafjord, vart det laga ei kombinert sone der bedriftene har den låge satsen fram til fordelen med det går over fribeløpet.

Det er altså dette det blir sett ein strek over i statsbudsjettet der også Finnøy, Vegårdshei og Herøy blir flytta frå sone 1a til sone 1 i statsbudsjettet.

Spurte ministeren

— Endringa har gått fullstendig under radaren og viser lita forståing for korleis det er å drive næring. Den auka avgifta blir henta direkte frå botnlinja hos bedriftene. Endringa berre dumpar inn utan at det er nokon informasjon på førehand slik at bedriftene kan budsjettere med auka utgift, seier stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).

Arbeidsgjevaravgift 2_1.JPG

Han sende eit skriftleg spørsmål til finansministeren for ei god veke sidan med spørsmål om kvifor dei aktuelle kommunane er flytta til høgaste sone for arbeidsgivaravgift.

Rikspolitikaren frå Vindafjord fekk svar frå kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) som viser til at det har vore vekst i folketalet og at sysselsettinga har vore god. Dermed er ikkje behovet der lenger for å vere i differensiert ordning, meiner Gram. Systemet blir revidert kvart sjuande år der ein ser på kommunane sitt behov for å vere i dei ulike ordningane.

Frp-kritikk

Halleland forstår ikkje at det har endra seg så mykje sidan sist ordninga var revidert, i 2014. Han viser til at kommunen har om lag det same folketalet som i 2014, faktisk 32 fleire enn i 2021.

— Eg er skuffa over at det ikkje blir tatt kontakt med kommunane før dette blir gjennomført. Det burde vere ein høyringsprosess. Eg forstår ikkje heilt kvar Senterpartiet er når dei både har finansministeren og kommunalministeren. Partiet har sagt at det ikkje vil la seg pille på nasen av EU. Ein er i ferd med å undergrave den differensierte arbeidsgivaravgifta, seier han.

Halleland meiner også at den Senterparti-styrte kommunen burde vere meir på banen.

Arbeidsgjevaravgift 3.JPG

— Høg og mørk

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) svarar med at det er skivebom å laste dagens regjering når det var i budsjettet til Solberg-regjeringa endringa kom.

— Det er måte på kva ein skal klare å endre i eit statsbudsjett i løpet av tre veker. Dessutan trur eg det er regelverket som i tilfelle må endrast. Det har Frp hatt rikeleg høve til i regjering og som støtteparti. Det var under Solberg at kompenasjonsordninga gjennom VAF-midlane vart tatt vekk. Vi prøvde også å ta ein kamp for transportnæringa. Difor bør ikkje Frp vere så høg og mørk i denne saka, seier Vierdal.

Slik systemet har fungert til no, er det sju år til neste revisjon. Fribeløpet i 1a blir rekna som bagatellmessig støtte som ikkje treng godkjenning av EFTA sitt overvakingsorgan, ifølgje statsbudsjettet.